20150612_100019I mars var vi deltakere under Badeteknisk 2015 og vår daglig leder, Geir Kjærland, holdt et spennende foredrag om AFM – aktivt glass. Bladet Badeteknisk forum har skrevet om messen og deriblant spesialglasset AFM. Nedenfor kan du lese et utdraget fra artikkelen:

Spesialglas
Noko som mest alltid skapar engasjement og temperatur når bassengfolk kjem saman, er korleis ein best skal reinsa dei store mengdene med vatn som må til i denne bransjen. Dei siste åra er det fleire og fleire som har fatta interesse for å ta i bruk såkalla AFM aktiv glas som filtermedia.

– Det er andre gongen vi er med på Badeteknisk, og det er ingen tvil om at marknaden har modnast på desse to år. For sjølv om teknologien vår er mykje brukt elles i verda, har det teke tid her heime. Men no er det stadig fleire som byter ut sandfiltera sine, med dei heilt spesielle AFM-glasbitane våre, seier Geir Kjærland og dreg opp ein neve med grøne glasbitar frå ein røyrmonter framfor seg.

På hovudet
– Vi snurt problemstillinga kring reinsing av vatn på hovudet. I staden for å pøsa på med klor, ozon eller UV-stråling for å drepa virus, bakteriar og parasittar i vatnet, tek vi det vonde med rota. Systemet vårt gjer at det ikkje vert danna biofilm i filteret, og dermed får heller ikkje dei nemnde «syndebukkane» vekstvilkår, reklamerar Kjærland i selskapet Klart Vann.

– Vi fjernar rett og slett det biologiske problemet.

Skien fritidspark er eitt av anlegga som har teke i bruk AFM-glaset.
– Vi køyrde først eit prøveprosjekt med to filter. Resultata var så gode, at like før jul skifta vi også til AFM på dei 14 siste. Etter våre eigne reknestykke er dette investeringar som kjem til å betala seg inn i løpet av to og eit halvt år. Og som definitivt vil vera med på å gjera bassengopplevinga betre for gjestene våre, fortel dagleg leiar Jan Steinar Tufte.

Ønsker du mer informasjon om AFM kan du kontakte oss på post@klart-vann.no eller sjekke ut:  AFM / DAISY

Teksten og bildet er hentet fra artikkel «Prising, filterval, synergi – og litt om pommes frities» skrevet av Vidar Alfarnes, i bladet «Badeteknisk forum» 30 årgang 2/25, side 16-18